lørdag 28. februar 2009

Nynorsk spenning 2

1. Ringar i blod
NEI OG NEI! Forelsking her òg, jammen dutte meg. Redde Ruben kjem over eit blodspor i trappeoppgangen når han er ute på vikaravisruta si. Med det same møter han ei nydeleg jente med gullkrøller som får han med seg på detektivtur.
(NB: fann berre bokmålsutgåva denne gongen)
"- Jeg heter Gina, sa hun og strakte fram en hånd. Varm og mjuk, kjente Ruben (...) Slik hender blir når en ligger med dem under dyna og sover og drømmer (...) hun lo mot han under den ville, gule luggen." (som forresten alltid fell ned i augo på henne, bl. mrk.)
Altså. Litt spenning blir det jo; Gina og Ruben må finne ut av eit mysterium med ein mann som trugar ei ung jente med kniv. Men det går så saaaaakte! Og dette fokuset på forelsking høyrer ikkje heime i det som skal vere ei spenningsbok. Sjølv om gutar tenkjer mykje på jenter i den alderen.

2. Ingen fred i grava
"...sjølv om du eigentleg veit at spøkelse ikkje finst, kan det bli svært nifst og skummelt å lese denne boka likevel. Dette er ei åtvaring..."
Eg såg på den skumle framsida på Espeland si bok og tenkte at dette nok var den skumlaste boka i bunka mi. Men nei.
Forfattaren er snill og gir tips til den som vil fortelje ei skummel historie. Men skal tru om han/ho har prøvd dette i praksis? For her er det masse unødvendig pjatt både før og etter grøsset.
Det kan sjå ut som om historiane er sanne; forteljaren fortel om namngjevne personar frå stader me har høyrt om - og kjem med ei heil historie om korleis hovudpersonen hamna der han hamna, korleis folka der på staden er, osv. (Det viser seg at forteljingane ikkje har rot i verkelegheita i det heile.) Og ikkje berre det; kvart kapittel startar med ei lita påminning: kanskje det finst spøkelse, og kanskje ikkje. Til slutt den typiske avsløringa - på den staden for femti år sidan drukna det ei jente, osv.
KVIFOR ikkje skride rett til verket? Ei setning eller to om bakgrunnen for det som skjer er nok.
Kva du enn gjer når du skal planleggje ein grøssarkveld, ikkje sjå på tipsa i denne boka.

Ingen kommentarer: