søndag 1. mars 2009

Nynorsk spenning 3

Yess! Denne gongen vart eg ikkje skuffa!
1. Landet alltid raudtt.
Me møter Bjørn, som er full av sinne. Han blir styrt av eit sinne så sterkt at han ein dag forsvinn frå skulen og hamnar i Landet alltid raudtt. Der held Gamle Aron og dei svartvåtdrakt(!)-kledde mennene hans på med å overta landet og gjere det til eit kaotisk, daudtt, nedbrent land. Men dei treng nytt territorium. Til dømes vår verd.
Runa, to år eldre enn Bjørn, kjenner han frå skulen og anar uråd når han blir sakna. Så ho held redsla si nede og startar detektivarbeidet. Det hastar; både Bjørn og vår verd er i fare!
Det er blodig, det er skummelt, fullt av sterke kjensler og framfor alt raudtt. Og kjempespennande å lese.

2. Det svarte sverdets hemn.
Igjen ei overrasking ut frå omslaget, som i dette dømet ser litt uprofft og grått ut (sorry, illustratør! berre litt meir fargar?). Dette er ei flott historie, fantasy av det gamle, gode slaget. Det startar med ei klassisk riddarturnering der den ærekjære Meister Davion blir slått ned i støvlane, medan væpnaren/sonen hans, den rappe Morgan, slår prinsen i landet i fektekamp. På vegen heim blir dei to overrumpla av ein røvarbande og kjem bort frå kvarandre. Når Morgan hamnar i ein magisk skog, tek dei typiske fantasy-elementa over. Her er det flygekattar, hemmelege hus, ei raudhåra jente med tankelesar-evner og svarte riddarar med ein umenneskeleg stormeistar (høyrt den før?:)). Morgan lurer etter kvart på kven han skal stole på. Han kjenner sinne og hat i seg etter å ha tatt i det svarte sverdet, og kanskje han ikkje kan stole på seg sjølv ein gong?

Her er det òg grobotn for forelsking, men ikkje i den retninga ein trur i starten av boka, og det er framfor alt VENSKAP som er det store. Rein, sterk venskap. Trur faktisk det er den beste formelen for ei spenningshistorie. Tenk berre på dei sure venninnene til Rand al'Thor som slår gneister i kampen om kjærleiken hans (Tidshjulet-serien), og Hermine og Ronny som gjer så mykje dumt i forelskingas/sjalusiens rus...

Eg får veldig lyst til å vite meir om både Bjørn/Runa og Morgan/Eiril/Finn! Men det spørs om ikkje eg må la fantasien spille vidare, viss ikkje forfattarane høyrer dette vesle ropet frå botnen av min sjel.

Ingen kommentarer: