torsdag 1. oktober 2009

Varme tankar











Gje meg handa di, ven, når det kveldar
- det blir mørkt, og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylje oss inn i draumars land.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord.

La varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar
- det blir mørkt, og me treng ei hand.

- Sondre Bratland

Ingen kommentarer: