fredag 7. mai 2010

Dromeparden

Det løystra. Lanke lågmælt sjor
hang darme frå det tarve lap.
So stige låg den rumse kor
i sovepaskens gap.

"For Dromeparden du deg akt,
min djerve son! Med ilske klør
fyk Starefuglen ut på jakt
i bygdene mot sør."

Sitt virpe sverd han spende fast
um midja som var mjuk og mjas.
Han kvilde under Burketrast
og leistene han las.

Og som han låg i bakkeheld,
ein Dromepard frå dolme skog
kom fregande med augeeld
og spuldra der han drog.

Fram kongsmenn! Fram med snipedov!
Det virpe-verpe hogg og stakk.
Han skar det ramse hovud av,
og galdre-blodet drakk.

"Min gjæve son som slo i hel
ein Dromepard frå Råme-land!
Å, gledesdag! Å, nott so sæl
då du vart Snjoskens banemann!"

                   (Lewis Carroll: Gjennom speilet, 1985)

Ingen kommentarer: