lørdag 8. mai 2010

For eit eventyr!



Det var ein gong i eit frose land langt mot nord at det budde ei dronning og ein konge. Dei elska kvarandre så høgt at landet rista og isen knaka, men likevel kom det ingen barn. Inga lita jente eller liten gut på raske bein og med perlebrusande latter. Kvar morgon fylte dronninga den tomme magen sin med ei skål rosa og blå piller, mens tårane trilla ned på kjolebrystet. Og kongen strekte handa si over det enorme bordet og strauk dronninga over håret, som gråna meir og meir for kvar fullmåne som kom, lyste og gjekk.

Dette er starten på Ingelin Røssland sitt eventyr Torneprinsen i den moderne, nynorske eventyrsamlinga Eventyrboka. Eit heilt spesielt eventyr; eitt av fleire. Herleg!

Her finn du dei klassiske eventyrdraga: dei tre brørne som skal ut og vinne prinsessa (Kladden og trollet som ingen kunne målbinde), jenta som må nytte magiske hjelpemiddel for å hente far sin heim (På den andre sida av Nordlyset), guten som reddar sauane sine frå ulven (Stemma som blei borte) og så vidare.

Men! Dei tre gutane i eventyret om Kladden er hekta på Playstation, og det er faktisk Playstation (3) som reddar Kladden i ordkløyveriet med prinsessa. Så er også dette eventyret langt bak i boka, og det er lagt opp til eit stigande lesarnivå (det vil seie alderstrinn) for kvart eventyr. Eg kan ikkje sjå at det stemmer alltid; eventyret om den lille trastejenta som er så oppteken av sminke og traste-Grand Prix at ho ikkje vil lære å fly kan faktisk passe for ganske så små jenter, trur eg;) Rett før denne kjem Stein Erik Lunde si forteljing Jenta som sakna; denne ville eg faktisk anbefale til gutar på 12 år og oppover.

Nokre er klart moralske fablar for dei minste (Trampetrollet som ville dansa), ein er miljøvennleg (Den reine Overfloda), ein er rett ut grøssete etter mi meining (Dronninga i berget det blå). Ei zombieaktig prinsesse blir plukka opp av ei mobiltelefonsmuglande dronning og sett ut av funksjon som ein robot av skumle små menn. 

Vaksne kan òg finne skattar her. Eg fekk ein favoritt som kanskje meir er ei poetisk forteljing med magiske element: Kokken frå Calabria av Katrine Sele. Meisterkokken Salatino møter vesle, albanske Liria som aldri smiler men som kan sjå inn i hjartet til menneske. Ho blir servitør. Saman hjelper dei to gjestene sine til å føle seg vel og få eit nytt syn på livet gjennom kunstnerisk og herleg mat. Men sjølv har Liria ei sorg ho ber på.

Eg vil anbefale alle å lese denne samlinga! Det har kome ei Godnattbok òg.

Ingen kommentarer: