onsdag 29. februar 2012

Gratulerer til dei tre vise kvinnene!

Dei tre vise kvinnene, offisielt kalla "Lom folkebibliotek", har vunne bibliotekprisen for Oppland. Gratulerer! Bloggen er nemnt som ein av grunnane til at prisen vart delt ut til dei.

Eg blir stadig så imponert over alt de finn på, den utruleg artige og personlege tonen de har i innlegga, språkleiken, ja alt. Skulle gjerne hatt same driven, ikkje berre kreativitet men mot til å gjennomføre! Eg har kome så langt som å lage eit par bokvideoar privat, og har på jobben prøvd å spele Pippi for nokre ungar, men der stoppar det jammen. Rita, Merete og den tredje viskvinna (Aud?): de må berre halde fram med å leike og inspirere. Slike bibliotekvinner vil me ha!

Oppdatering: visste du at det i morgon er den internasjonale Hug a Librarian Day (Klem ein bibliotekar-dagen)? Kanskje ein bibliotekar har lyst på ein klem frå DEG?

Offisielt bilde, trur eg...




Ingen kommentarer: