fredag 19. juni 2015

Vente på fuglen frå Asker til Eden

Dikting kan vere så mangt. Det kan vere kortkorte forteljingar. Som denne:

Kagge forlag, 2014
Trofékone fyller år. Kropp som ein
tjueåring. Sur som ein syttiåring. Forbruk
som ein førtiåring. Forstand som ein
tolvåring. Alder ukjent.

Eller denne:

Femten år og berrføtt gjennom graset.
Supe cola. Stupe frå brygga. Ligge på
handkleet. Håret som alltid er vått. Hjartet
som aldri går ned. 

Eller denne:

Kvar søndag kjem nabo (60) ut i gata for å
varsle dommedag. Eit artig rituale, synest
alle. Denne søndagen er naboen vekke.
Uroa breier seg.

Alle døme på twitternoveller, samla i boka Vente på fuglen av Frode Grytten. Ja, tenk at ei lita forteljing kan seie så mykje om eit vendepunkt, ein artig eller trist situasjon, eit liv.


Dikting kan også vere forteljingar med utgangspunkt i verkelege, levde liv. Som Hulda og Arne Garborg og kulturmenneska rundt dei i "Askerkretsen", i boka Frå Asker til Eden av Alfred Fidjestøl. Historia om dei som gjorde så mykje for norsk folkekultur og landsmål og nasjonalkjensle på starten av 1900-talet. Som var glødande interesserte i så mykje, men som av og til ikkje klarte heilt å takle livet. Forventningane og ansvaret. Presset frå media. Eigne politiske strider. Sjukdom på kropp og sinn. Men prøvde så godt dei kunne.
Lett å bli fascinert.

Samlaget, 2014

Ingen kommentarer: