lørdag 16. april 2016

Helten i seg

Samlaget, 2016
 - Kva er eigentleg greia med tøflar, sa Magnus då dei nærma seg inngangsdøra.
- Greia er at vi liker å ha tøflar på oss, sa Alvar og såg bort på Jens. Jens kika ned på skoa sine. Alvar syntest det var kjipt at Jens hadde teke på seg ekte sko. Det var så ulikt han. - Det er veldig praktisk når ein skal besøke kvarandre, for då er ein varm på beina heile tida, sa Alvar.
- Har du ikkje vanlege sko?
- Klart vi har sko, sa Alvar. - Men dei brukar vanlegvis å gje oss gnagsår, sa Alvar og såg på Jens.


Eg har lese Jakta på firkløveren av Christian Wiik Gjerde.
Eg heldt på å gje opp etter dei fyrste kapitla.

Her har du det typiske eksemplet, tenkte eg. Eksemplet på ei nynorsk bok som fortel nostalgisk om livet i bygda (her: øya), om vaflar og traktorar, eller her: trehytter og saft i "høghæla glas". Høghæla glas! For eit påfunn! Og ei krambu-dame med lilla permanent... og to gutar som leikar med ord og liksom-mysterier og hemmelege klubbar. Så utruleg lite moderne. Ikkje berre det, dei har ein grine-klubb. Så utruleg lite maskulint. Eg la boka vekk og himla med augo.

Og det er Alvar sitt påfunn. Ja, i det store og det heile er det Alvar eg har problem med. Han er den som finn på alt dette rare, barnslege styret. Går i tøflar ute. Er alltid snørrete. Sankar insekt og dansar regndans i pledd og støvlar (han les indianerbøker). Jens er på si side - eigentleg - ein heilt gjennomsnittleg tiåring med normale, moderne gutteinteresser som fotball. Alvar er redd for fotball, han dreg dermed Jens med seg på dei andre tinga. Det ser ut til at Jens likar det, men når den kule byguten flyttar inn i nabohuset, grip han sjansen til å få ein meir tøff kamerat. Han sluttar å gi Alvar "naudhjelp" kvar morgon når mor til Alvar tvinger han til å øve på fela si. Han blir flau når Alvar finn på nye sprø ting dei skal gjere. Han ler av han, ikkje med han. Kastar han ut av trehytta etter at Alvar har rasert den i fortviling. Og Alvar mistar kameraten sin.

Ja, er det rart eller, når Alvar er så rar? Og ikkje berre det, men han er stolt av dei tinga som gjer han rar. Som gjer han.... annleis. Han kan visst ikkje reglane for det å vere vanleg, kle seg vanleg, snakke vanleg, og aller minst for det å vere "kul". (Ein analytisk vaksen lesar vil kanskje spørje seg: har han ei diagnose?) Sett han i bås. Sånn. Der sit han fint, og treng ikkje plage oss.

Eg er redd for at det ville ha vore veldig lett å mobbe Alvar (og det skjer). Å gje opp å forstå han, langt mindre like han. Å bli litt skremt av det at han er så annleis. Å ikkje sjå det fine med han. At han faktisk er seg sjølv fullt og heilt, stolt av seg sjølv, og at han også bryr seg om andre. At han vil vere ein helt, ein som gjer modige ting.

Så er det nettopp Alvar synsvinkelen i boka ligg hos. Det er risikabelt. Må det vere ein "Alvar" som les boka for å kunne identifisere seg med han? Forfattaren brukar lang tid til å bygge opp hovudpersonen si verd og hans måte å tenke på. (Kanskje for mykje, før handlinga riktig kjem i gang?)

Denne guten likar seg best med "gamlingar", det er dei han passar saman med. Han har vokse opp med det som er frå fortida, og trivst med det.
Det var litt slik med meg ein gong også. Men eg følte meg annleis enn andre barn. Det var heilt naturleg i starten, men blei mindre greitt etter kvart som tida gjekk.
(Var det det som skapte denne intense irritasjonen i denne lesaren då eg starta å lese?
Har eg slutta å vere stolt av å skilje meg ut? Blitt meir redd for å dumme meg ut?
Er det slik det er å bli vaksen?)

Men så heldt eg fram med å lese. Det er mange sider, meir enn tre hundre. Alvar sneik liksom inn i hovudet mitt, og eg måtte finne ut koss det gjekk. Ikkje berre med han og Jens (og Magnus), men med det gamle kjærasteparet Gulla og Petter.

Jakta på firkløveren er koseleg. Det er litt "gamle dagar". Sjølv dei mest moderne innslaga gir assosiasjonar til sekstitalet. Kanskje, kanskje passar boka betre som lesing for vaksne som har vore barn, enn for barn i dag. Men det er samstundes veldig fint skrive om vennskap og om det å vere ærleg om kven ein er og vil vere. Og finne helten i seg, sjølv om ein då også risikerer å miste ansikt, drite seg ut.

Eg veit ikkje om dette blei ei anbefaling. Berre at det var tankar som måtte ned på tastaturet.
(Og anbefaling synst eg at forfattaren gjer veldig bra sjølv!)

Ingen kommentarer: