tirsdag 18. juli 2017

Lyrikkmøte - på Gotland

Det var sommar, og eg var utanlands,
berre i nabolandet, men over ein liten dam,
nærare bestemt på Visby glassblåseri,
fann fram dit under byvandring saman med lillesyster, 

og eg såg meg rundt, såg mykje vakkert,
tok med meg ein raud engel fram til disken
og såg plutseleg
ein velkjend tittel rett framføre meg på bordet.
ein norsk lyrikar,
eit mykje omtalt nytt verk,

og glassblåsaren seier ja,
han hadde late seg inspirere av diktverket,
og akkurat den engelen eg fann,
er ein variant, ein raudvinge,
etter Blaavinge,
og den norske poeten hadde vore der,
hadde kjende i byen,
og no hadde han laga denne figuren
etter hennar namn

Og eg sa glad "eg er bibliotekar",
at eg kjende til tittelen,
så me hadde på ein måte noko til felles
sjølv om han var svensk glasblåsar
og eg norsk bokformidlar

Eg fekk den vesle engelen med meg,
og no står han og lyser opp karmen
her som sola held på å vike for skuggane
og sommaren
(eg vil nesten ikkje skrive det)
går mot haust

Visby, ein julikveld.

- Um sakne springe blome av Cathrine Blaavinge Bjørnevog var gjenstand for samlesing på norske bokbloggar no i april. Eg har enno ikkje lese heile boka, men på Samlaget sine nettsider kan du lese utdrag. Og ja, det kan lønne seg å prøve å lese høgt for å få med seg innhaldet!
Samlaget, 2016

Ingen kommentarer: